søndag 5. april 2009

Hurtig brødrett

Her kjem ein hurtig og enkel og ikkje minnst nydelig brødrett.
Server den gjerne når du skal ha klubbkveld.
Den smaker godt og er som sagt enkel å lage og servere.
Den kan tilbredast i mikrobølgeovn, men også i vanlig steikeovn.

1 loff
1/2 boks grøn asparges
1/2 boks sjampingjong
litt kalkunskinke frå boks
1 pk kremfløte
1 egg
Reven ost

Rist saman 1 egg, nesten en pk kremfløte og saft frå sopp og asparges, krydd det med aromat, og litt salt og pepper.
Fjern skorpen frå loffen, og legg skivene i bunnen på ein ildfast form eller eit mikrobølgefat.
(1,1/2 litr)
Kalkun, asparges og sopp legges over loffen, og deretter heller du røren over. Legg over loff igjen (lagvis) og så kalkun igjen og eggerøren.
Dekk til med reven ost
Stekes i ovn i ca 20 min eller ved 600W i mikrobølgeovn i 10 min.

Gulrotkake med krem

Denne oppskrifta er eg veldig glad i.
Vart forundra første gang eg smakte den. Trodde ikkje at gulrotkake kunne smake så nydelig!!!
Men , etter mange spørsmål om denne oppskrifta fann eg ut at eg måtte ha den her på matbloggen.
Lag den og nyt!!!
Bilde kjem etterkvart :)

2 egg
2 dl sukker
2 dl mjøl
1 tsk natron
1 tsk kanel
1 tsk vaniljesukker
1 tsk bakepulver
1 dl søyjaolje
3 dl raspa gulrøtter. Ca 2 vanlig store

pisk saman egg og sukker til eggedosis
Bland uti mjøl, natron, kanel, vaniljsukker og bakepulver.
Riv ned gulrøttene og bland dei uti oljen. Hell dette over i røren.
Rør god saman
Ha i ein smurt rund form.
Bak ved 180 grader i ca 35 min.

Krem:
50 gr Filadelfiaost naturell
30 gr margarin
2 dl melis
1 tsk vaniljesukker
Pisk alt dette saman.
Smør kremen oppå kaka når den er blitt kald

Tredobbler du denne oppskrifta passa den i vanlig ovnskuff.
Velbekomme!!!