mandag 17. januar 2011

Vegetarisk rissalat

Denne oppskrifta kom eg på i full fart når eg hadde lyst på noko sunt og godt. Nydelig salat. Det er januar og eg trenger noko fargerikt og friskt å spise :)

Kok ris. Gjerne kryddra med karry. (Tror det finnes ferdig kryddra ris i butikken)
Damp litt brokkoli. Kutt dei i veldig smått( halve kvast.)
Kutt rødløk veldig smått 1 stk
Tomat i små biter 2-3
1 boks mais
1 boks ananas
litt kinakål. kutta smått.

Dryss 2 pk dressingmixpulver i ei skål. Bland uti litt vann og olje.
Hell dette over salaten. Gir ekstra god smak. Eg brukte med urtesmak.
Server med godt brød til :)
Velbekomme!!

Cous cous salat med kylling

Eg fann på denne oppskrifta i dag når eg skulle ha venninneklubb. Eg måtte finne på noko sunt og godt og noko nytt :) Då vart det denne:
Agurk i biter
Kokt cous cous
rød paprika i små biter
rødløk i små biter
1 boks fetaost i krydderlake
Steikt kyllingfillet med litt krydder
dampa brokkoli godt nedkutta
Alt blandast godt saman i ei stor skål.
Mengde bestemmer du sjølv. Resultatet er flotte fargar og god smak :)
Server saman med godt brød til :)
Velbekomme!!