fredag 28. november 2008

Ovnsrett med kylling

Sidan vi var mange barn i mormors sitt hus fekk vi ofte servert denne retten. Dette er ei gamal familieoppskrift min tante tok med seg frå usa. Denne retten har vore veldig populær, og eg tyr ofte til den når eg får mange rundt bordet.

Viktigaste ingrediensen er Campells kyllingsuppe på boks. Dei finnes i nokre utvalgte butikkar rundt om kring. Ikkje akkurat billege men verdt både prisen og leitinga.
Du ser suppeboksa på bildet som står ved siden av retten.
Eg skriver enkel oppskrift her, men det er ingen sak å dobble den eller mer...

Kjøp ferdig grilla kylling. En kylling pr ovnsform.
Kok ris. Regn med ris at du må dekke bunen og ca 3-4 cm høgt oppi forma.
Husk å smøre bunnen litt.
Fordel kokt ris over forma.
Reinsk kyllingen, fordel den over.
Kok brokkoli. Kok det godt.
Ha oppi ei skål, suppen, 1 pk majones, 1/2 matfløte, litt karry.
Rør godt.
Ha oppi brokkolien, som du gjerne kan mose litt med en piske eller gaffel.
Ha oppi litt av vannet du kokte brokkolien i hvis sausen er ikkje tynn nok. Den kan vere litt tjukkare enn vanlig brun saus.
Hell dette så over ovnsforma, over kyllingen og risen.
Ha inn i ovn og stekes i ca 10-15 min. Kansje mer...
Server gjerne med godt brød og salat til
Velbekomme!!!

Brun marengs kake med frukt.

Dette er en av mine favorittar. Fann oppskrifta i eit islandsk matblad for nokre år sidan. Den er nydelig, og garantert sukksè. Og ikkje er den vanskeleg heller. Verdt å prøve :)
Ei kake som er koselig å servere. Du får garantert masse skryt.

Pisk 5 eggekviter.
Hell oppi 200 gr brun sukker og
200 gr kvit sukker.
Sukkeret skal vere ferdig blanda saman før du heller det litt etter litt nedi eggekvitene som piskes saman. Pisk ei stund.
Til røren er blitt luftig og tjukk.

Hell røren i ein firkanta ildfast form.
Stekes på ca 150 gr i 50 min ca...
slå av ovnen og la kaka stå inni i 15 min ( så sant ikkje kaka virka brendt)

Pisk 1 kremfølte pakke.
Fordel kremen over kaka.
La kantane vise.
Fordel kiwi i skiver og steinfire mørke druer delt i to over kaka.
Smelt lys kokesjokolade eller toblerone i eit vannbad.
Fordel lett over kaka. Den skal ikkje dekke frukta heilt.
Sett den i kjøl nokre timar.
Nydelig!!!
Velbekomme!!

mandag 24. november 2008

Bringebær- og karamellkake

Denne kaka dikta eg opp når eg ein gang skulle lage bløtkake, og var tom for idèar om kalags kake eg skulle lage. Var litt lei av dei gamle..
Så det blei denne:

Sukkerbrødbunn ( del i 2)
Dynk nederste bunnen med litt melk.
Knus makkroner ( småkaker)
og bland dei knuste kakene i bringebærsylte.
Fordel dette over nederste bunnen.
Bland saman litt piska krem, vaniljesaus, og karamellsaus ( Issaus)
Rør saman og ha på nederste bunnen.
Legg på øverste bunnen.
Smør resten av piska kremen over kaka. Den skal vere tildekt av krem.
Pynt med bringebær eller jordbær, og litt karamellsaus
Velbekomme!!

onsdag 19. november 2008

Linsesuppe

Vi er blitt veldig glad i vegetarmat her i dette huset. Og spiser denne utrolig gode og sunne suppa kvar mandag. Fast regel ;) Det høres egentlig ikkje fristande ut med ei linsesuppe... Men la dokke bevise det motsatte ved å prøve:) Den er rett og slett nydelig:)
Her kjem vår oppskrift:

Vi bruker ca
200 g grøne linser.
Kok linsene i nokre minutt.
legg dei i dørslag og la vannet renne av.

Ha oppi
kvitløk ( mengd etter smak) Eg brukar mykje :)
hermetisk tomatar ei boks.
Litt ca 2 ss tomatpurre
litt salt, peppar og oregano
skjær ned løk
og 2 passelege gulrøtter, skjær ned i skiver.
Ca 1, 5 dl vatn.
Kok suppa i ca 10 min. småkok.
Nyt den saman med dei du er glad i og ei god sunn speltbolle eller to.
Velbekomme!!