tirsdag 26. mai 2009

Skogsbærdrøm...

Her kjem ei enkel og veldig god og smakfull kake. Og ikkje minnst enkel er den. Den skal ikkje steikast så denne er enkel å lage på hytta eller i campingvogna. Ei skikkelig sommarkake.

Du trenger:
Digestive kjeks
Melange
Kremfløte 
melis
Filadelfia ost
Frosne bær

Bunn:
Knus ca 15 stk Digestive kjeks
Smelt ca 50gr smør/ melange
Bland dette godt saman, og legg det i bunnen på ei flat skål eller litt djupt kakefat.
Eg brukar potetmosaren min til å stappe det godt saman og få det flatt.
Rør saman 1 Filadelfiaost og ca 2 ss melis. Bland godt
Pisk 1 pk krem og bland deretter osten ned i. Rør og bland godt.
Fordel dette over kaka
Til slutt pyntar du med frosne (halvfrosne) bær og har utover kaka. Eg brukte skogsbærblanding men du kan bruke dei bæra du vilha sjølv. Deilig med nye ferske bær til sommaren.
Nyt den!!!
Klem

Ovnsrett med camenbert

Eg hadde klubbkveld for venninner her ein kveld og då vart denne retten ein suksè.
Den er enkel å tilbrede og smakar vidunderleg. Serverte den saman med deilig salalt og markjordbærcider til drikke. Her skal du få oppskrifta :)

Du trenger:
Loff
camenbert 2 stk
Hermetiske aprikoser
Reven ost
Matfløte
Kalkun skinke på boks

Legg loff utan skorpe i ein smurt form.
Eg river ned innmaten frå ein loff og legger utover.
Hell over litt av lake til hermetiske Aprikoser.
Skjær opp hermetiske aprikoser og strø dei over loffen.
Skjær også i smått ein boks med kalkunskinke. Strø dette over også.
Ta 2 stk Camenbert oster og skjær dei i små bitar og ha dei oppi ei panne med matfløte. Der skal ostane smeltast. 
Hell dette deretter over ovnsforma.
Til slutt strør du over reven ost.
Sett dette i forvarma ovn på 180 grader og stek i ca 15 min. Til du ser osten har smelta og begynner å bli gyllen.

Saman med dette serverte eg ein deilig salalt:
Skjær ned ein appelsin i skiver. Tynne skiver.
Legg dei på eit fat og hell over litt Balsamico eddik. La det stå og marinerast ei stund mens du lagar til resten.
Fordel salatblad på porsjonstallerken. Eg brukte ferske spinatblad men Ruccola er også godt.
Skjær ned skiver av rødløk og legg over salaten.
Deretter drysser du over litt hel rosepeppar og oppå legg du skive av appelsin.
Til slutt heller du over fransk dressing ( Eg kjøp den i små poser, frå Knorr. Dei skal blandast med vann og olje) SERVÈR!!!
Til drikke serverte eg Cider med markjordbær. Den er vakker på fargen og smakar nydelig.
Lykke til!!! 
Er du usikker, så legg igjen en kommentar med spørsmål. Bare hyggelig det :)
Klem
Bilde kjem etterkvart.

fredag 22. mai 2009

Grønnsakstroll

Her kjem ein god idè på sunn mat i  barneselskap.( Bekalger dårleg bildekvalitet. Men bildet er tatt av eit gamalt vanleg bilde.) Dette kan vere ein god ide der ein ikkje kan serve så mykje søtt, som feks i barnehagen eller i selskap der man burde ha mindre søtt.....ja, det er ikkje  alle barn som tåler så mykje søtt :)


Dette kalla vi for grønnsakstrollet. og det består av:
Boller/druer  (kjole)
Agurk  (bein)
Gulrot/agurk (sko)
Gulrøtter/druer (armar)
Hodekål (hode)
Paprika (munn)
Agurk  (nase)
Popcorn (Hår)

Barna syns dette var morsomt og det vart ingen restar av trollet etter barna fikk gå løs på det :)
Bare et lite tips!