søndag 8. juni 2008

Bountykake

Eg elska kokos. Så derfor vart denne kaka til ein vakker dag for nokre år sidan. Denne kaken er enkel å lage og smakar kjempe godt for dei som likar bounty og kokos:)
Prøv og nyt!!

Lag ein vanlig sukkerbrødbunn
men tilføy ei plate kokesjokolade i bitar
og ca 1 dl kokosmasse opp i røren.

Stek i ovnen
Avkjøl
Del den i to

Krem mellom bunnane:
Stivpisk fløte
ca 2 st bounty som du må dele opp eller smuldre nedi kremen
med fingrane.

Oppå kaka:
Piska krem blandast saman med smelta kokesjokolade
Dryss kokos over til slutt.

Håpar den smaker!!
(bilde kjem seinare)

søndag 1. juni 2008

Snickerskake...Islandsk variant..


Denne kaka er ein suksè eg ofte lagar. Den er populær hos både store og små i mitt hus.
Nå avsløra eg denne oppskrifta, og tror mange som gleda seg over det ;)

Begynn med:
2 bunner:
==========
4 dl brun sukker
5.eggehviter (spar på eggeplommene)

*Stivpisk eggehvitene og sukkeret.
Hell røra i 2 kakeformer 24 diameter.
(Eg bruka å legge på bakepapir på ei plate, deretter deler eg røra i 2, og legger den på bakepapiert. Lurt å sette eit fat under bakepapiret for å får bunnane like store. Så bare fjerner du fatet før du setter bunnen i omnen. Eg steker en og en om gangen. Bunnen må vere nedkjølt før du har på kremen imellom. Du kan godt lage den nokre daga før du skal ha på krem.
Stekes ved 150 grader i ca 50 minutter.

Krem mellom bunnane:
===================
ca 2 stk snickerssjokolade skåret i smått
1. piska kremfløte

*Bland dette sammen etter du har piska kremen, smør det så over bunnen.
Legg den andre bunnen oppå.

Krem oppå kaken:
===============
ca 2 1/2 snickerssjokolade
60 gr margarin
5. eggeplommer
ca 3 ss sukker

*Smelt sjokoladen og margarinen saman i ei kjele. Lurt å bruke vannbad.
Pisk eggeplommene til tjukk røre, og bland uti sukkeret.
Deretter blander du dete saman og heller over kaken.
Lurt å bruke kakefat med litt høg kant slik det ikkje renner over før den stivner.
Den kan stå i kjøleskapet over natta før du skal servere den.

Legg gjerne inn kommentarer hvis du lurer på noko angåande denne kaka.
Lykke til og Velbekomme!!

lørdag 31. mai 2008

Tunfisksalat

Her kjem ein gammal favoritt for mange i min omgangskrets. Den er blitt populær ja. Mange har sett på den med eit skeptisk blikk når eg har servert den...den ser liksom ikkje så god ut, og høres ikkje god ut for dei som ikkje er vand til tunfisk. Men alle skeptikarar har tatt feil!! Ennå til barna elska den. Så prøv :)

Du trenger:
1 boks tunfisk i vann
1 egg (hardkokt)
Halv purreløk
Majones
peppermix eller litt salt og pepper. ( dryss litt over, men skal ikkje vere for sterkt)

Tøm vannet av tunfisken.
Ha opp i ei skål, saman med oppdelt egg, purre i små biter, krydder og til slutt majones.
Eg bruker å ha opp i litt etter litt med majones. Salaten skal ikkje være for tørr men ikkje for mykje majones oppi heller.
Denne salaten er veldig god saman med saltkjeks eller nybakt osteloff.
Den er fin å servere hvis du skal ha ost og kjeks, og slik lett mat.
VELBEKOMME!!
Hvis du lurer på noko ang oppskrifta kan du legge igjen spørsmål på kommentarer :)
Kos deg!!!

tirsdag 27. mai 2008

I begynnelsen....

VELKOMEN TIL MIN MATBLOGG!!
Nå har eg starta ein matblogg :)
Fikk idèen når eg sto på kjøkkenet og laga en deilig sommarleg salatrett ein dag.... Og tenkte det kunne vere kjekt å dele litt oppskrifter med dokke av og til. Og då følte eg at eg måtte ha ein eigen blogg til det. Den andre bloggen er meir interiør og hobbyblogg.
Men iallefall....så er tanken å legge ut litt gode oppskrifter eg får mykje skryt av frå venner og familie. Det blir mest litt sjeldne ting, men også ting eg har laga. Kaker, salatar, matrettar av ymse slag, gjærbakst osv... Litt Islandske oppskrifter vil dukke opp....Men det blir uansett mat eg har laga...skal prøve å legge med bilder også for kvar ting eg lagar.
Håpar dokke stikker innom av og til og får idèer til matlaging, eg kan også ta imot ønsker og spørsmål hvis nokon vil ha noko spesilet..Kansje har eg akkurat den oppskrifta eller erfaringa på lur. For meg er dette litt ekstra hobby :)