Eg hadde klubbkveld for venninner her ein kveld og då vart denne retten ein suksè.
Den er enkel å tilbrede og smakar vidunderleg. Serverte den saman med deilig salalt og markjordbærcider til drikke. Her skal du få oppskrifta :)
Du trenger:
Loff
camenbert 2 stk
Hermetiske aprikoser
Reven ost
Matfløte
Kalkun skinke på boks
Legg loff utan skorpe i ein smurt form.
Eg river ned innmaten frå ein loff og legger utover.
Hell over litt av lake til hermetiske Aprikoser.
Skjær opp hermetiske aprikoser og strø dei over loffen.
Skjær også i smått ein boks med kalkunskinke. Strø dette over også.
Ta 2 stk Camenbert oster og skjær dei i små bitar og ha dei oppi ei panne med matfløte. Der skal ostane smeltast.
Hell dette deretter over ovnsforma.
Til slutt strør du over reven ost.
Sett dette i forvarma ovn på 180 grader og stek i ca 15 min. Til du ser osten har smelta og begynner å bli gyllen.
Saman med dette serverte eg ein deilig salalt:
Skjær ned ein appelsin i skiver. Tynne skiver.
Legg dei på eit fat og hell over litt Balsamico eddik. La det stå og marinerast ei stund mens du lagar til resten.
Fordel salatblad på porsjonstallerken. Eg brukte ferske spinatblad men Ruccola er også godt.
Skjær ned skiver av rødløk og legg over salaten.
Deretter drysser du over litt hel rosepeppar og oppå legg du skive av appelsin.
Til slutt heller du over fransk dressing ( Eg kjøp den i små poser, frå Knorr. Dei skal blandast med vann og olje) SERVÈR!!!
Til drikke serverte eg Cider med markjordbær. Den er vakker på fargen og smakar nydelig.
Lykke til!!!
Er du usikker, så legg igjen en kommentar med spørsmål. Bare hyggelig det :)
Klem
Bilde kjem etterkvart.