Viser innlegg med etiketten Ovnsrett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ovnsrett. Vis alle innlegg

tirsdag 26. mai 2009

Ovnsrett med camenbert

Eg hadde klubbkveld for venninner her ein kveld og då vart denne retten ein suksè.
Den er enkel å tilbrede og smakar vidunderleg. Serverte den saman med deilig salalt og markjordbærcider til drikke. Her skal du få oppskrifta :)

Du trenger:
Loff
camenbert 2 stk
Hermetiske aprikoser
Reven ost
Matfløte
Kalkun skinke på boks

Legg loff utan skorpe i ein smurt form.
Eg river ned innmaten frå ein loff og legger utover.
Hell over litt av lake til hermetiske Aprikoser.
Skjær opp hermetiske aprikoser og strø dei over loffen.
Skjær også i smått ein boks med kalkunskinke. Strø dette over også.
Ta 2 stk Camenbert oster og skjær dei i små bitar og ha dei oppi ei panne med matfløte. Der skal ostane smeltast. 
Hell dette deretter over ovnsforma.
Til slutt strør du over reven ost.
Sett dette i forvarma ovn på 180 grader og stek i ca 15 min. Til du ser osten har smelta og begynner å bli gyllen.

Saman med dette serverte eg ein deilig salalt:
Skjær ned ein appelsin i skiver. Tynne skiver.
Legg dei på eit fat og hell over litt Balsamico eddik. La det stå og marinerast ei stund mens du lagar til resten.
Fordel salatblad på porsjonstallerken. Eg brukte ferske spinatblad men Ruccola er også godt.
Skjær ned skiver av rødløk og legg over salaten.
Deretter drysser du over litt hel rosepeppar og oppå legg du skive av appelsin.
Til slutt heller du over fransk dressing ( Eg kjøp den i små poser, frå Knorr. Dei skal blandast med vann og olje) SERVÈR!!!
Til drikke serverte eg Cider med markjordbær. Den er vakker på fargen og smakar nydelig.
Lykke til!!! 
Er du usikker, så legg igjen en kommentar med spørsmål. Bare hyggelig det :)
Klem
Bilde kjem etterkvart.

søndag 5. april 2009

Hurtig brødrett

Her kjem ein hurtig og enkel og ikkje minnst nydelig brødrett.
Server den gjerne når du skal ha klubbkveld.
Den smaker godt og er som sagt enkel å lage og servere.
Den kan tilbredast i mikrobølgeovn, men også i vanlig steikeovn.

1 loff
1/2 boks grøn asparges
1/2 boks sjampingjong
litt kalkunskinke frå boks
1 pk kremfløte
1 egg
Reven ost

Rist saman 1 egg, nesten en pk kremfløte og saft frå sopp og asparges, krydd det med aromat, og litt salt og pepper.
Fjern skorpen frå loffen, og legg skivene i bunnen på ein ildfast form eller eit mikrobølgefat.
(1,1/2 litr)
Kalkun, asparges og sopp legges over loffen, og deretter heller du røren over. Legg over loff igjen (lagvis) og så kalkun igjen og eggerøren.
Dekk til med reven ost
Stekes i ovn i ca 20 min eller ved 600W i mikrobølgeovn i 10 min.

mandag 12. januar 2009

Vegetarlasagne


Det kan vere godt å sløyfe kjøtprodukt innimellom. Og sunt er det også.
Denne retten er enkel, god og sunn. Det er mange måtar å lage vegetarlasagne på, men dette er min måte ihvertfall. Og her skal eg dele den med dokke. Du trenger:
Stangselleri
løk og kvitløk
hermetiske tomater
toro lasagnepakke
Spelt lasagneplater
melk eller soyjamelk
salt
ost
Begynn med å:
Skjære ned Stangselleri kvitløk og løk.
Mengde etter smak.
Stek dette i olje på ei panne.
Tilsett en boks hermetiske tomater, salt
og en pk lasagne fra Toro. bland godt på panna.
Tilsett litt melk eller soyja melk.
la dette koke litt på panna til det vert litt tjukkare.
Smør ein ildfast form
Legg tomatsaus nederst i bunnen. Ha på lasagneplate (eg brukte spelt fra helsekost)
(Lasagneplatene må ein legge i lunka vatn i ca 20 min først)
Så legg du lagvis tomatsaus-plater.....
På platene kan du gjerne smøre på litt pestosaus.
Til slutt drysser du over ost.
Stekes i ovnen i ca 15-20 min.
Husk å varme opp ovnen først. Ca 225 C
Serverast med heimelaga speltbaguett og kvitløkssmør og ein god salat.
Velbekomme!!

fredag 28. november 2008

Ovnsrett med kylling

Sidan vi var mange barn i mormors sitt hus fekk vi ofte servert denne retten. Dette er ei gamal familieoppskrift min tante tok med seg frå usa. Denne retten har vore veldig populær, og eg tyr ofte til den når eg får mange rundt bordet.

Viktigaste ingrediensen er Campells kyllingsuppe på boks. Dei finnes i nokre utvalgte butikkar rundt om kring. Ikkje akkurat billege men verdt både prisen og leitinga.
Du ser suppeboksa på bildet som står ved siden av retten.
Eg skriver enkel oppskrift her, men det er ingen sak å dobble den eller mer...

Kjøp ferdig grilla kylling. En kylling pr ovnsform.
Kok ris. Regn med ris at du må dekke bunen og ca 3-4 cm høgt oppi forma.
Husk å smøre bunnen litt.
Fordel kokt ris over forma.
Reinsk kyllingen, fordel den over.
Kok brokkoli. Kok det godt.
Ha oppi ei skål, suppen, 1 pk majones, 1/2 matfløte, litt karry.
Rør godt.
Ha oppi brokkolien, som du gjerne kan mose litt med en piske eller gaffel.
Ha oppi litt av vannet du kokte brokkolien i hvis sausen er ikkje tynn nok. Den kan vere litt tjukkare enn vanlig brun saus.
Hell dette så over ovnsforma, over kyllingen og risen.
Ha inn i ovn og stekes i ca 10-15 min. Kansje mer...
Server gjerne med godt brød og salat til
Velbekomme!!!