Viser innlegg med etiketten Salat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Salat. Vis alle innlegg

mandag 17. januar 2011

Vegetarisk rissalat

Denne oppskrifta kom eg på i full fart når eg hadde lyst på noko sunt og godt. Nydelig salat. Det er januar og eg trenger noko fargerikt og friskt å spise :)

Kok ris. Gjerne kryddra med karry. (Tror det finnes ferdig kryddra ris i butikken)
Damp litt brokkoli. Kutt dei i veldig smått( halve kvast.)
Kutt rødløk veldig smått 1 stk
Tomat i små biter 2-3
1 boks mais
1 boks ananas
litt kinakål. kutta smått.

Dryss 2 pk dressingmixpulver i ei skål. Bland uti litt vann og olje.
Hell dette over salaten. Gir ekstra god smak. Eg brukte med urtesmak.
Server med godt brød til :)
Velbekomme!!

Cous cous salat med kylling

Eg fann på denne oppskrifta i dag når eg skulle ha venninneklubb. Eg måtte finne på noko sunt og godt og noko nytt :) Då vart det denne:
Agurk i biter
Kokt cous cous
rød paprika i små biter
rødløk i små biter
1 boks fetaost i krydderlake
Steikt kyllingfillet med litt krydder
dampa brokkoli godt nedkutta
Alt blandast godt saman i ei stor skål.
Mengde bestemmer du sjølv. Resultatet er flotte fargar og god smak :)
Server saman med godt brød til :)
Velbekomme!!

søndag 15. februar 2009

Pastasalat med tunfisk

Vi laga mykje salat til middag. Det er både godt og sunt. Lettvint og godt med friske ingrediensar.
Denne fann eg og mannen min på en dag når vi hadde lyst på noko anna enn salatane me spiser frå før. Den er selvfølgelig god når ein skal ha jentekveld også :) Prøv og nyt!!

Du trenger:
2 boks tunfisk i vann (hell av vannet)
1 rød paprika i småbiter
1 boks mais (hell av vannet)
1 rødløk i småbitar
2-3 tomatar i småbitar
1/2 purre i småbitar
ca 250 gr kokt pasta (eg brukte skruar)

Dressing:
1 pk KNORR dressingmix Gresk smak
1/2 boks rømme

Rør dette saman i ei skål
Avkjøl kokte pastan under kaldt vann.
Bland deretter pastan ned i skåla med dressingmixen.
Rør godt slik at pastan blir dekkt av dressing.
Bland dette deretter nedi i resten av salatingrediensane.

Server saman med kvitløksbrød og ha gjerne på litt fetaost ved servering.
Håpa det smakar!!

fredag 6. februar 2009

Pastasalat m pesto og kylling

Her kjem ein utrolig god pastasalat eg kom på å lage i dag. Ypperleg som fredags/lørdagskos, eller til jentekvelden :) Enkel og veldig god salat.
Du trenger:
pasta, mengd etter smak. Eg brukte pastaskruer.
Ca 2-3 tomatar. Ferske. Sjær dei ned i båtar eller mindre.
1 stor rødløk
kylling
Fetaost.
litt basilikumkrydder.
Eg kokte pastan, avkjølte den og blanda 2-3 tsk pesto oppi.
bland alt opp i ei skål.
Server med eit godt brød til. Gjerne heimebakt olivenbrød.
Velbekomme!!

lørdag 5. juli 2008

Rissalat


Om sommaren, spesilet når det er varmt er eg ikkje særleg glad i å stå på kjøkkenet og lage middag...då likar eg å lage enkel mat som gjerne er lettvint og ikkje varm nødvendigvis...som ein salat f.eks...
Denne salaten er kjempe god enten ein sommarkveld eller på ein koseleg venninnekveld.

Kok ris ( mengde etter behov)
Avkjøl risen
Ha den opp i ei skål saman med:
boks hermetisk mais
kylling eller kalkun på boks ( kan bruke bogskinke)
ein løk i små bitar (merk: vanleg gul løk)
Kinakål ( skjær den i smått)
Bland saman ein boks rømme og ein pose majones.
Kan også ha oppi litt kvitløksdressing.

Så blandar du alt saman opp i skåla. Rør godt.
Denne skal serverast med baguetter eller loff. Gjerne hvitløksbaguetter eller kvitløkssmør
Nydeleg!
Kos deg!!

lørdag 31. mai 2008

Tunfisksalat

Her kjem ein gammal favoritt for mange i min omgangskrets. Den er blitt populær ja. Mange har sett på den med eit skeptisk blikk når eg har servert den...den ser liksom ikkje så god ut, og høres ikkje god ut for dei som ikkje er vand til tunfisk. Men alle skeptikarar har tatt feil!! Ennå til barna elska den. Så prøv :)

Du trenger:
1 boks tunfisk i vann
1 egg (hardkokt)
Halv purreløk
Majones
peppermix eller litt salt og pepper. ( dryss litt over, men skal ikkje vere for sterkt)

Tøm vannet av tunfisken.
Ha opp i ei skål, saman med oppdelt egg, purre i små biter, krydder og til slutt majones.
Eg bruker å ha opp i litt etter litt med majones. Salaten skal ikkje være for tørr men ikkje for mykje majones oppi heller.
Denne salaten er veldig god saman med saltkjeks eller nybakt osteloff.
Den er fin å servere hvis du skal ha ost og kjeks, og slik lett mat.
VELBEKOMME!!
Hvis du lurer på noko ang oppskrifta kan du legge igjen spørsmål på kommentarer :)
Kos deg!!!