Denne oppskrifta er eg veldig glad i.
Vart forundra første gang eg smakte den. Trodde ikkje at gulrotkake kunne smake så nydelig!!!
Men , etter mange spørsmål om denne oppskrifta fann eg ut at eg måtte ha den her på matbloggen.
Lag den og nyt!!!
Bilde kjem etterkvart :)
2 egg
2 dl sukker
2 dl mjøl
1 tsk natron
1 tsk kanel
1 tsk vaniljesukker
1 tsk bakepulver
1 dl søyjaolje
3 dl raspa gulrøtter. Ca 2 vanlig store
pisk saman egg og sukker til eggedosis
Bland uti mjøl, natron, kanel, vaniljsukker og bakepulver.
Riv ned gulrøttene og bland dei uti oljen. Hell dette over i røren.
Rør god saman
Ha i ein smurt rund form.
Bak ved 180 grader i ca 35 min.
Krem:
50 gr Filadelfiaost naturell
30 gr margarin
2 dl melis
1 tsk vaniljesukker
Pisk alt dette saman.
Smør kremen oppå kaka når den er blitt kald
Tredobbler du denne oppskrifta passa den i vanlig ovnskuff.
Velbekomme!!!
for 2 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar